tirsdag 30. september 2008

Notat nummer éin i blogg nummer to.

Eg har allereie ein slags blogg (http://blog.pladask.net), men eg makta aldri å opptatere den jamt, så eg gjer eit forsøk med å lage ein ny ein her. Livet går i bølgjer, og eg er utan tvil nede i ein liten dal.

Ikkje grunna Trondheim, skulen eller kjærleikslivet, men noko så banalt som vonde armar. Eg kjem til å sjukmelde meg frå studiet ei periode, kanskje fram til jul, kanskje enda lenger. Temmelig bitter nedtur!

Men òg lettande -- eit pusterom kan nok vere bra. Eg trur det er den einaste måten å komme tilbake på. Det er ikkje så fint å spele når a) det er vondt, og b) du spelar dårleg fordi du får øvd så lite.

No skal eg bruke ei stund på å leve sunt, trene, slappe nok av, meditere, finne meg sjæl og tenke musikk. Men altså (nesten) ikkje spele piano. Dessutan skal eg blogge, så følg med!

Oppdatering: Eg har bestemt meg for å berre sjukmelde meg frå instrumentundervisning.